Denne lova gjeld dei lausøyrekjøp som har slik tilknyting til meir enn eit land, at dei vert haldne for mellomfolkelege kjøp.
Lova gjeld likevel ikkje kjøp av registrert skip, båt eller luftfarkost eller av verdepapir og heller ikkje sal i tvangsfullføring eller i rettsåtgjerd av anna slag.
Avtale om å overlata ting som fyrst skal tilverkast, vert rekna for kjøpeavtale når overlataren skal halda dei råemne som trengst.