Forskrift om sikringsordningar i burettslag | Lov Norge
Forskrift
Forskrift om sikringsordningar i burettslag
Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag
Ansvarlig departement: Kommunal- og distriktsdepartementet
Laster lovteksten …
§ 1 Sikring mot tap av felleskostnadarSikring mot tap av felleskostnadar
Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.
§ 2 Krav til produktetKrav til produktet
Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto.
Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.
§ 3 IkrafttredelseIkrafttredelse
Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.