Foreldra kan inngå ein avtale om bidrag.
Dersom foreldra ikkje blir einige, kan kvar av dei krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset bidraget. Foreldra kan krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset barnebidraget sjølv om dei har inngått ein avtale om barnebidraget, men dei kan berre få fastsett eit nytt bidragsbeløp dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gi forskrift om gebyr der Arbeids- og velferdsetaten tek avgjerd om fastsetjing og endring av barnebidrag.
Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet blir født, og dei ikkje har inngått ein avtale om barnebidrag, skal Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet.
når nokon av foreldra bed om at det blir gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med, eller om samværsrett, når Arbeids- og velferdsetaten viser partane til domstolane, fordi det er meir tenleg etter den karakteren saka har. Når det gjeld barnebidrag etter § 9-3 andre og tredje ledd til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som inngår ein avtale eller er part i saka. Får den bidragspliktige barnetillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegongsteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet for den tida slikt tillegg blir utbetalt.
Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal behandle fastsetjinga av bidrag, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av bidraget. For å fastsetje bidrag og gebyr kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgivarar, Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarar eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje bidrag etter at barnet har fylt 18 år, kan organet utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar frå utdanningsinstitusjonar om skulegangen er i gang, held fram eller er avslutta, og om fagleg progresjon.